Husk straumen i flyttekaoset

SFE <picture/>

Skal du flytte inn eller ut, til ny eller gamal bustad? På eit tidspunkt må du forhalde deg til straumen. Set derfor av litt tid opp i flyttekaoset på å ordne straumen din, slik at du ikkje betalar meir enn nødvendig. Her er nokre tips som kan vere greitt å ta med seg i flytteprosessen.

Gi beskjed når du flyttar
Gi beskjed til straumleverandøren din med ein gong du veit dato for utflytting. Då kan du sikre at du ikkje betalar for straumen ein plass du ikkje lenger bur, for vi kan dessverre ikkje datere straumavtaler som vert avslutta tilbake i tid.

Unngå leveringsplikt
Om du ikkje vel ein straumleverandør i når du flyttar, vil nettselskapet ditt sette deg på leveringsplikt, noko som er unødvendig dyrt for deg. Så ta deg den tida det tar å bestille ny straumavtale, så unngår du dette. Alle straumleverandørar kan datere ei ny straumavtale 30 dagar tilbake i tid, så bestill helst innan den første månaden du har flytta.

Bruk tid
Skal du kjøpe, eller har kjøpt ny bustad, får du gjerne tilbod frå meglar om å signere straumavtale ved overtaking. Dette kan virke enkelt og greitt, men er ikkje i alle tilfeller det mest lønnsomme. Ta deg tid til å sjekke kva straumavtale som passar deg. 

Små endringer, store utslag
Sjølv små endringer som å flytte frå lita til større leilighet, gå frå ein til to i husstanden eller ny elbil kan ha innvirkning på straumforbruket ditt. Pass derfor på at du har rett straumavtale til deg og ditt forbruk. 

Du kan lese om forskjellen på dei ulike straumavtalene og sjå våre straumavtaler her.

Du står fritt til å velge den straumleverandøren du vil, men vi håpar sjølvsagt at vi har ei straumavtale som kan passe deg og din nye bustad. Så skal du flytte ut eller inn i ny bustad, vi hjelper deg gjerne å fikse dette. Ta kontakt med oss på tlf. 57 88 47 47, på epost kundesenter@sfekraft.no, eller chat med oss.

Er du av typen som likar å ordne ting med ein gong, då kan du også bestille straumavtale direkte til den nye adressa di ved å bestille flyttestraum under.

Og du, vi leverar straum i heile landet! God flytting!